Takk for svar:-) Det er klart at du ligg på ein mykje lågare feittprosent enn det eg har tenkt til. Samstundes føler eg at eg må vere nøye med kostholdet for å få den feittprosenten eg er nøgd med. Det er mange som får ok resultat med berre å ta ting på feelingen og å vere litt svolten. Sjølv er eg ikkje heilt der, og eg føler også at svoltfølelsen er upålitelig etter kardioøkter. For min del er det ikkje nok å trene, ete sunt og kutte ut sukker.
Hovudproblemet mitt er eigentleg at eg har vanskar for å bruke
diett.no på ein bra måte, då eg ikkje veit kor mykje energi det er i maten eg får servert. Køyrde ein runde med
diett.no og biorytmedietten i vår. Det fungerte knallbra både med tanke på feittprosent og treningseffekt. Då var eg i eit miljø som hadde full forståelse for dietten min, men no føler eg at eg må vere med på ting for ikkje å virke for sær.
Ein annan ting er at fylla øydelegg mykje også. Dersom du f.eks. tar fem alkoholeiningar, tilsvarer det 1000 kcal. Viss du i tillegg et litt dritmat øydelegg du fort ei halv veke med diett. Trur konklusjonen er at eg berre må seie klart ifrå at eg er på diett, insistere på å lage all mat sjølv (likevel veit eg jo ikkje kor mykje dei andre et:p), men ikkje la det avgrense meg i å delta på sosiale aktivitetar.