QuoteSpis som en mann, tren som en mann og se ut som en gudinne. Dette vil være vært helt riktig, om det ikke var fordi mange menn trener som idioter.
Sidan det ikkje er nokon andre som svarar må vel eg prøve på eit svar?
Quote from: Frk_Fryd on November 05, 2012, 23:10:26 PM
Jeg trenger nemlig sårt noen tips som kan hjelpe meg å stramme opp litt her og der:)
Å stramme opp litt her og der betyr det same som å ha låg feittprosent. For å få det til må du ete mindre enn du forbruker. For å få til det igjen vil eg på generelt grunnlag anbefale mykje protein i kosten og at mesteparten av karbohydratane kjem frå frukt. Eit moderat energiunderskot framfor knallhard diett er også å anbefale, dvs 1500-2000 kcal for dagen pluss treningsforbruk avhengig av storleiken til kroppen din. Sjølv ligg eg på 40% karbo, 35% protein og 25% feitt i energifordeling. Meir karbo på treningsdagar og jenter bør som regel også ha meir karbo.
Er du sikker på at du treng å ete ofte og lite for å halde blodsukkeret jamt? Dei fleste er ganske tilpasningsdyktige på akkurat det området, og forskning viser at det er
lettare å halde stabilt blodsukker med få måltid/periodisk faste. Eg vil anbefale å teste ut 3-4 måltider per dag ein periode (f.eks. 3-4 veker) og å sjå korleis det går. For min del klarar eg meg fint så lenge det totale energiinntaket er passelig, og det er ikkje så nøye når på dagen maten kjem. Når det er sagt, har eg litt problem med å få i meg nok mat etter ei hard treningsøkt dersom eg har ete lite frå før den dagen.
Når det gjeld trening har du sjølv mest greie på kvar avgrensingane ligg. Jenter (og gutar) bør generelt trene styrke for betre kroppsamansetjing. Det er ikkje sikkert legen eller fysioterapeuten din har god nok kjennskap til trening og skader, og det kan godt hende trening som dei meiner du bør halde deg unna er akkurat det du bør gjere meir av. Sjølv har eg blitt bra frå både skulder- og kneplager fysioen sa eg kom til å ha resten av livet. Dette ved å gjere dei tunge (og riktige) øvingane. Når det gjeld energiforbruk på trening har eg skrive eit innlegg om det i tråden til BlueEyes. Kort sagt er pulsklokker heilt ubrukelige til det og dei færraste jenter klarer meir enn 600 kcal på ein time med full innsats. Folk som driv med trening har dessutan som regel null peiling på dette området.
Mitt overordna bodskap når det gjeld trening og kosthold er å vere kritisk til all informasjon du får. Kroppen følgjer dei fysiske lovene og ting er eigentleg ikkje så komplisert. Mirakelkurar i Dagbladet er
som regel berre tull. Lær kroppen å kjenne, eksperimenter og finn det som passar for deg. Press deg sjølv, men lytt til kroppen. Det er ikkje farleg å vere sliten og svolten, men heller ikkje utkvilt og mett.
Generelt svar fullt av flosklar til eit upresist spørsmål. Du kan få eit meir konkret opplegg om du skriv litt om deg sjølv (høgde, vekt, treningsmål, o.l). Dersom du ikkje er sikker på kva du bør ha som målsetjing, kan du nok få hjelp til det også. Det er masse informasjon om temaet på internett, men det er viktig å vere kritisk.