Prosjekt birkebeinerjente

Started by deepArne, October 14, 2011, 23:04:58 PM

Previous topic - Next topic

deepArne

Eg hadde eit dameprosjekt i vinter. Ei skikkeleg flott jente med interesse for sykkel og ski. I tillegg veldig behagelig å vere med, og litt spesiell slik eg også er. Ho var på ingen måte macho, men sjølvsagt lite granne gutejente jmf fritidsinteressene. Det hadde akkurat blitt slutt med typen, og eg tenkte at slike sjansar får eg ikkje så ofte. Etter mitt initiativ sykla vi og gjekk ein del på ski saman. Vi var til og med på hyttetur, men det var ikkje så god framdrift i prosjektet. Sjølv om det var god kjemi mellom oss og vi hadde det kjekt og gjekk godt i lag, var ho relativt tilbakehalden. Dette gjaldt ikkje berre ovenfor meg, men dei fleste menneske, sjølv om ho likevel var svært utadvendt.

Før eg starta prosjektet fekk eg vite av ei felles venninne at ho eigentleg ikkje var klart for nytt forhold, og på bakgrunn av dette valde eg å ikkje vere for aggressiv i tilnærminga. Eg lot ho styre framdrifta, men bestemte meg for at Birkebeinerrennet skulle bli endepunkt for prosjektet. I mellomtida starta ho i ny deltidsjobb som spinninginstruktør ved sida av studiene. Som sagt var ho litt tilbakehalden når det gjaldt nye menneske, og ho fortalte at ho ikkje fann seg heilt til rette i studiemiljøet. Men i den nye jobben hadde ho funne ei ny venninne som ho gjekk kjempebra overeins med. Ho hadde tidlegare snakka om å flytte, så eg syntes dette var kjempebra, for då minka sjansane for det.

Den nye venninna hennar var det verste mennesket eg har møtt i mitt liv. Ho snakka drithøgt om ting ho ikkje kunne noko ting om, og var svært aggressiv i sin framtoning. Då ho skulle fortelje om kva ho dreiv med i sitt daglegliv, namedroppa ho berre masse fancy (men heilt basic) uttrykk på engelsk. Ikkje kunne ho vite at eg driv på med akkurat det same, og i tillegg er nerdete interessert i alle andre ting ho snakka om. Eg kunne difor fastslå at ho ikkje hadde peiling på noko, men at det var svært viktig for henne å imponere andre. Samstundes oppførte ho seg som om ho eigde prosjektet mitt. Det stod psykopat i panna hennar, og eg er sikker på at det er bilete av ho i leksikonet under antisosial personlighetsforstyrrelse. Eg var nære på å droppe heile prosjektet på grunn av dette. For det fyrste kan du ikkje gå i krig med venninna til ho du prøver deg på, og for det andre kunne eg ikkje forstå kvifor ho gadd å vere med ein slik person. Men eg ombestemte meg, og planen var å heller kvitte meg med venninna på sikt.

Birken kom, og eg hadde bestemt meg for å setje inn støtet. Då vi kom bort til Lillehammer var ho ganske kosete, og eg tenkte at dette går enkelt i boks. Etter rennet fekk eg ho opp i senga mi då vi skulle legge oss. Vi koste litt, men eg merka at ting ikkje var heilt som dei skulle. Ho spurte meg om eg var interessert, og eg kunne bekrefte at det var eg. Då fortalte ho meg at eit forhold mellom oss ikkje gjekk akkurat no. Ho hadde nemlig noko på gang med nokon andre.

Jaja. Når du lar ein lesbisk psykopat bestemme at du skal skifte fil, er du kanskje ikkje den rette likevel...

Dorian Gray

Haha!  ;D

Vet ikke helt om dette skulle være morsomt, men jeg lo av de den siste linja  8)

Noen ganger er livet bare litt for absurd
Alle har noe å lære, og alle har noe å lære bort.

deepArne

Der å då var det ikkje så kult å innsjå at eg var mindre alfa enn ei aggresiv lesbe, men det vart ihvertfall ein god historie. Posta faktisk same innlegget i singel-tråden på terrengsykkel.no, tenkte det kunne underhalde folk som er interessert i sjekking også. Føler eigentleg at veninna mi har demonstrert at ho ikkje er heilt sosialt kalibrert i ettertid også. Eg har fått både postkort og masseutsendte livsoppdateringar per epost frå ho, og det synes eg er litt spesielt ettersom vi bur i same by. Ikkje at eg har problem med å ha kontakt, men dersom ho ønskjer det kan ho jo berre plukke opp telefonen.

strifone

Aiaiai det var litt av en historie, bra skrevet var den og. Jeg kan tenke meg det var temmelig kjipt når du fant ut av det, men det kan jo virke som det var til det beste ettersom du beskriver henne som en litt sær person. Nå vet jeg ikke om hun er sær på en god måte, i dine øyne? :)